Eit innblikk i livet hjå Vigga–jentun

Eg vart bede om å fortelja litt om livet i ei lokalavis like før helga.

Tankane har surra i hovudet sidan, og når eg no skal skrive dei ned, er det like etter vi har sendt vekas avis i trykken. Nesten tre kvarter etter deadline. Dagen har vore litt over det nivået som er komfortabelt når det gjeld stress. Og hendene har ei lett skjelving av eit par kaffekopper for mykje. Men, det blir avis. Med mykje godt og variert stoff.

Vigga har redaksjon på Dombås, og dekkjer Lesja og Dovre kommuner. Dei to kommunene har eit samla innbyggertal like over 4800, vi har eit opplag på 2189 i 2014. Vi er øvst i fagre Gudbrandsdalen med fantastiske fjell på alle kanter.
Vi tel seks damer fordelt på fem årsverk frå mars i år, omlag eitt av desse utgjer vår annonseavdeling. Vi kjem altså ut ein dag i veka. I Polaris Nordvestlandet er vi den minste avisa i opplag og omsetjing.
Eg som redaktør skriv mykje, om lag 70-90 prosent av arbeidstida. Og det er ofte fordi eg lyt prioritere vekk ein god del administrative oppgaver, fordi avisa, produktet vi lev av, må jo produserast. Og sjølv om journalistene er dyktige og effektive, kan vi ikkje støtt vere to stader på ein gong.

Berre kvinnfolk
Vigga er spesiell i og med at vi er berre damer på huset, det har det vore i fleire år no. Det merker vi nok ikkje mykje av i kvardagen, men det har nok vore eitt og anna forsøk på ein slags maktdemonstrasjon frå eldre herrar av det motsette kjønn.

Nær og kjær – tette forhold
For å skildre livet i ei lokalavis, kjem ein ikkje utanom den varierte kvardagen arbeidet består av. Kort fortalt, vi er med innbyggerane i gleder og sorger. Vi er limet i lokalsamfunnet.
Variasjonen i kvardagen er vel som dei fleste andre redaksjonar rundt omkring. Det er eit artig og krevjande arbeid. Skilnaden ligg i at der større aviser har fleire journalister, knytt opp mot ulike redaksjoner med ansvar for ulike tema, kan ein journalist hjå oss dekke alt frå sport, portrettintervju, kultur, politikk, ulykker og arrangement. Og litt til.

Som lokalavis er vi svært nære lokalsamfunnet. Og ofte er det slik at mange ressurspersoner har fleire roller og fleire hatter. Miljøa er gjerne tette, og «alle kjenner alle». Det er her nokre av utfordringane kjem. Difor kan det stundom vere ei utfordring å halde eit kritisk blikk på saker. Vi kjenner ofte til dei involverte, vi veit kor sårbare tema kan vere. I nokre tilfelle hender det vi rett og slett er inhabile på grunn av tette band.
Då kjennes resultatet – avisa i hånda kvar veke – spesielt bra, når journalistane klarer å sno seg gjennom gangane i kveksebola, og lage solide og viktige saker.

Tette miljø og utfordringer er det og når ein skal dekke politikken i eit lite lokalsamfunn. Her har vi to kommuner, og to journalister som i hovudsak dekker kvar si kommune.
Det er mykje spanande som skjer sjølv i små kommuner, og særskilt no med kommunereformen. Der vi ofte kanskje kjem til kort til, det er å finne nye kjelder, og utfordre dei lokale politikarane meir. Ofte er det dei same andleta.
Og vi blir sjølvsagt kjend med personane, her har det og vore mange gjengangarar i kommunestyra. Vi er medvitne på vår rolle, men driv ofte litt opplæring av dei folkevalde. Meir enn ein gong har vi opplevd at det blir prata om oss i politiske møte, der nokre forventer at vi kan fungere som ein slags sekretær for dei politiske organa ut til innbyggarane. Det er ikkje så artig, og eg som redaktør blir då usikker på om vi fyller rolla som vaktbikkje godt nok.

Konkurranse frå regionavisa
Sjølv har eg ikkje vore med i avisverdaså lenge. Eg er forholdsvis ung, og starta som frilanser i Vigga i 2010. Likevel har det vore ei merkbar og kraftig utvikling berre på desse fem åra. Det blir stilt større krav til å levere på nett attåt papiravisa, både frå konsernet, samt ei forventing frå leserane om at vi fyller på med aktuelt stoff mellom kvar torsdag. Og at vi er til stades ved større hendingar. Det er her vi har størst konkurranse frå regionavisa og NRK, det er ikkje støtt ressursane våre strekk til når det er større hendingar som ulykker, brann og anna.
Vi mistar sjølvsagt ein og anna sak til konkurrenten GD, men er og fyrst med mange saker. For oss er det ein relativt lav terskel for at sakene er aktuelle. Mykje «smått stoff» er godt stoff!

Nokre tanker kring nettet
Dei siste par åra har det vore eit prosjekt for oss minste dotteravisene i Polaris-konsernet om å satse på nettet. Vi har hatt mykje god rettleiing og hjelp, særskilt av Per Kristian Bratteng. Nettet er stort sett ein naturleg del av kvardagen, men eg har eit par tanker om kor vi arbeider på nett.

For det fyrste, å vere «på» 24 timer i døgnet 356 dager i året, er ei klin umogleg oppgave for vi som er så små.
Det er rett og slett ikkje nok ressurser til å dekke vakter alle dagane i året. For å få ferieavviklinga til å gå opp, er vi avhengige av minst to fellesferier, jul og påske. I fjor hadde vi for fyrste gong nettvakt i sommarferien. Mykje på grunn av satsingsprosjektet på nett, mest på grunn av Landskytterstevnet på Lesja. Vi fekk relativt god trafikk, men det er ei grunn til at det kalles agurktid. Feriekabalen for i år er enno ikkje ferdig , men det er ikkje sikkert vi klarer å ha bemanning på nett alle dei tre vekene vi har fellesferie, og to veker «papirfri».

For det andre, når journalister skal gjere meir ut frå sakene, er det meir tidkrevande. Når eg seier meir, meiner eg at det helst skulle vore litt anna sak på nett enn på papir. Fleire bilete er uansett eit must. Og kanskje skulle det heller vore ein video på nett? Leserane må jo ikkje føle dei får alt gratis på nettsida. Dette kjem etter det journalistiske grunnarbeidet.
Då blir det mindre tid på kvar sak.

Betalingsløysing på nett i 2016?
Vi skal etter planen få betalingsløysing i løpet av 2016. Eg forventar at vi får inn ein del abonnement frå utfløtte frå bygda. Eg trur vi vil spare noko utgifter i distribusjon. Eg vonar vi når ein god del yngre. Eg vonar opplaget held seg stabilt, eller kanskje har ei lita auke det fyrste året. Vi har hatt relativt jamnt opplag dei siste åra.
Vi har så vidt prata om balansa vi må legge oss på når vi får betalingsløysing på nett. Får vi pluss-løysing opnar det opp for å legge ut ein god del saker vi berrehar på papir. Men vi kan heller ikkje legge ut alle. Papiravisa er det vi i hovudsak lev av, og skal leve av i mange år framover. Denne nøtta blir hard å knekke, og om nokon har gode idear, vil eg gjerne høyre om det over ein kaffekopp.

Fortsatt desk
Det er mange fordelar med stordrift som det snart er med det meste i konsernet. Mange gode tekniske løysinger letter arbeidsdagen til journalistene, annonseavdelingene og desken. Vigga er ei avis som faktisk har to personer som arbeider på desk. Den eine har omtrent halve stillinga si som journalist, og den andre arbeidar tett med annonseansvarleg og er med på salg.
Vi har nok utan tvil mykje å gå på når det gjeld effektivitet i produksjonslina. Men det eg ser med nokre av dei tunge tekniske løysingane som blir forespeila, er at det ikkje er snakk om nokon innsparing hjå oss. Hverken i penger eller tid, spesielt ikkje det siste.

Men no skal ikkje dette vere noko klagebrev. Livet i ei lita lokalavis er generelt svært bra, morosamt og utfordrande. Vi er ein god gjeng damer i avisa, som prøver å gjere det meste ut av det vi har av tid og ressurser.
Denne teksta vart lengre enn venta, men eg voner nokre hang med til slutten. Eg kunne skreve mykje, mykje meir. Og om det er aviskollegaer som dreg forbi Dombås nokon gong, er dei hjarteleg velkommen på kaffe hjå Vigga-jentun.

Maria Kampesæter Kleiven
redaktør i Vigga

Legg til i min rapport