Kva? Skal vi få berre to papiraviser i veka? Då blir vel abonnementet billegare?

Reaksjonane var mange då Fjordenes Tidende og Fjordingen i mars 2015 gjekk ut og fortalde lesarane og annonsørane våre at vi i mai vil endre frekvens frå tre til to dagar i veka.
Og akkurat desse spørsmåla var vi førebudde på ville komme. Og når vi på leiarplass og redaksjonell plass fortalde denne nyheita, så var det desse spørsmåla vi prøvde å forklare og svare på.
Vi starta planlegginga av denne store endringa i oktober 2013. All den tid ikkje så mange rundt oss hadde erfaring med å endre frekvens då, så måtte vi gjere eit grundig førearbeid. Vi starta internt i mediehusa for å skape forståing og forankring blant dei tilsette og for å belyse alle relevante spørsmål i det som ville vere ei stor endring for lesarane våre, og for oss sjølv.
Vi etablerte ei felles prosjektgruppe der vi trekte inn ulik fagkompetanse internt i konsernet. Det viste seg å vere store beløp å spare særleg på distribusjon, men og på trykk ved å redusere frå tre til to dagar med tilnærma likt sidetal.
Vi var også ute og hausta erfaring med andre mediehus som hadde gjort noko liknande. Vidare gjennomførte vi lesarundersøking i primærkommunane. Den synte at vi har svært lojale lesarar som er glade i oss og som brukar lang tid på lesing av lokalavisa. Viljen til å betale for nyheiter på nett var ikkje så stor.
Vi gjennomførte og undersøking blant ein del av annonsørane våre. Undersøkinga viste at dei var godt fornøgd med servicen frå mediehusa, at dei har meir tru på nettannonsering og at det ikkje betyr så mykje kva vekedagar vi kjem ut med papirutgåva.
Då vi i desember 2014 gjorde styrevedtaka om å endre frekvens, valde begge avisene tysdag og fredag som utgjevingsdagar (mot tidlegare måndag, onsdag og fredag), og vi valde midten av mai som rett tidspunkt for omlegginga.
Samtidig med frekvensendring 12. mai 2015 vart e-avisa del av abonnementet for papirabonnentane våre, tilgjengeleg kl. 21.00 dagen før utgjevingsdag. I tillegg innførte vi Pluss-løysing på nett. Etter den tid har rundt 20 prosent av nettsakene vore for dei som er abonnentar. Resten av sakene har vore opne.
Vi har også etablert eit eige Ung-abonnement for dei under 33 år. Dette er eit sterkt rabattert digitalt abonnement for å lokke unge lesarar.
Etter omlegginga i mai 2015 har vi lagt ut fleire saker på nett, særleg med fokus på aktualitet.
Vi har endra layout på papiravisa og innførte fleire nye faste element i samband med omlegginga.
I papiravisa har vi også satsa meir på tema og personlege reportasjar der vi går djupare inn i ulike tema.
Vi lova lesarane våre å lage like mykje journalistikk etter omlegginga. Og det heldt vi i 2015. Vi har laga same sidetal på papiravisa med to dagar i veka som med tre dagar. Og vi har laga fleire nettsaker per dag.
Responsen etter omlegginga har stort sett vore positiv. Vi brukte mykje tid på å informere om endringane i forkant. Det var lurt.
Drifta i begge avisene har utvikla seg positivt etter omlegginga. Og talet på betalande abonnentar og lesarar har gått mindre ned enn tilfelle var før omlegginga.
Våre råd til andre som tenker det same:
1: Ta lesarane og annonsørane på alvor
2: Lytt til erfarne frekvensfolk - andre som har gjort det same
3: Start med forankring i organisasjonen – gje folk trua
4: La tilsette vere med på prosessane
5: Finn rett tidspunkt for omlegging - ikkje for nær ferie eller hovedforfall
6: Sjekk at systema fungerer – ta høgde for nok test-tid før lansering
7: God og ærleg informasjon, både internt og eksternt.
8: Lag ein plan for korleis du vil framstå på ulike flater
9: Ha beredskap når frekvensturen startar - God innloggingshjelp
10: Lov aldri meir enn du kan holde
