Fjordabladet
I juni 1874 kom Fjordenes Blad, seinare Fjordabladet (1920), ut med sitt første nummer. Fjordabladet er den eldste avisa i Sogn og Fjordane. Avisa har heilt sidan den kom ut med første utgåve, bortsett frå ein periode under andre verdskrig (1941 til 1945), kome ut.
Fram til juni 2015 hadde Sunnmørsposten 44 prosent av aksjane i Fjordtrykk, eigarselskapet av Fjordabaldet. Etter juni 2015 har Sunnmørsposten 57 prosent av aksjane i eigarselskapet, og er med det blitt ein majoritetseigar. I dag har Fjordabladet 25458 abonnentar på papir og rundt 80 på e-avis. I tillegg har avisa ei nettside, fjordabladet.no og mobilløysing som blir oppdatert. Primærområdet for avisa er Eid kommune. I tillegg har avisa abonnentar i Vågsøy, Selje, Bremanger, Hornindal og Stryn. 16,9 prosent av dei betalande abonnentane bur utanfor Sogn og Fjordane.