Dølen

Frå 1. oktober 2015 tok Bjørn Kjellsson Sletten over som redaktør og dagleg leiar etter å ha vore konstituert sidan august 2014. Samstundes vart Tor Larsen tilsett som redaksjonssekretær. Dølen tilsette ny journalist, Guro Vollen, i mars 2015.

 





Fakta
Samlet opplag 3851
Utgiversted Vinstra
Ansvarlig redaktør Bjørn Kjellson Sletten (34)
Nord-Fron kommune, Sør-Fron kommune og Ringebu kommune
Kommer ut Torsdag
Daglige lesere totalt
10000
Daglige brukere på nett
0
Daglige brukere på mobil
0
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 1664
  • Redaksjonelle årsverk
  • 4
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 48
  • Antall kommentarer
  • 1
  • Antall innlegg på nett
  • 3
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall leserinnlegg
  • 163

    Mål og prioriteringer

    Dølens mål er å halde vår posisjonen som lokalsamfunnets viktigaste talerør.

    Det gjer vi mellom anna ved å vera tettare på og grundigare enn våre konkurrentar. Vårt motto er at Dølen kjenner Midt-Gudbrandsdalen best. Eit av våre uttalte mål er å gi mannen i gata større plass og ein arena for å bringe sine meiningar til torgs. Det er derfor eit mål for oss å trykke færre bilete av rådmenn og ordførarar, og fleire av Ola og Kari Døl. Slik trur vi også at vi er med på å senke terskelen for å kome med sine meiningar – det att skapar eit meir levande lokalsamfunn.
    Vi skal vera fyrst og best på nett med dei viktigaste nyhenda frå våre tre kommunar. I papiravisa skal vi i tillegg til å bringe ferske nyhende til midtdølane gå i djubda og produsere gode featureartiklar og magasinsaker.
    I tillegg til å produsere ei avis på minimum 32 sider i veka med godt lokalstoff, produserer vi også to gonger i året eit eiget magasin for hyttefolket i vårt redaksjonelle dekningsområde, Hyttemagasin Gudbrandsdal. Eit gratismagasin på 64 sider i eit opplag på 14 000.

    Legg til i min rapport

    Avisens samfunnsrolle

    Dølen var gjennom delar av fjoråret ei av Landslaget for lokalavisar (LLA) sine pilotavisar i prosjektet ”Levande lokalsamfunn”, eit prosjekt som tek sikte på å auke innslag av såkalla «public journalism», deltakande journalistikk, i norske aviser.

    Dølen ser på denne måten å jobbe på som svært viktig i eit samfunnsperspektiv. Det å engasjere lesarane i større grad enn tidlegare, vil både vera ei styrke for avisa på sikt, men også for lokalsamfunnet. Avisa tek eit større ansvar for å vera ein aktiv og positiv bidragsytar i nærmiljøet. Likevel er det slik at deltakande journalistikk er langt meir tidkrevjande enn «vanleg» journalistikk, og vi har ikkje fått gjort like mykje som vi skulle ønske. Av dei konkrete tiltaka som har kome ut av prosjektet for vår del så langt, er spalta «Midt i verda», der vi tek opp ulike tema som lesarane er opptatte av. Vi har også innført Dølen «On tour», der vi ein gong i månaden fløtt redaksjonsmøtet ut på ein kafé, i ei kantane eller liknande, og let folk ta del i redaksjonsmøta våre. I løpet av valåret 2015 brukte Dølen denne metoden mellom anna i valdekninga, mellom anna ved å skape møteplassar mellom politikarar og veljarar i førekant av valet.
    o Infrastruktur, veg og tettstadutvikling er saker Dølen har følgt tett over fleire år. Også i 2015 har Dølen følgt E6-utbygginga tett, og fleire vedtak knytt til vegen, har vore tatt opp i etterkant av oppslag i avisa vår. Ein av dei store debattane som har rasa i Midtdalen det siste året, er saka om kommunestruktur. Dølen har i høgste grad vore med i debatten, og formidla synspunkt frå båe sider. Frå leiarplass har vi tatt klart standpunkt for ein felles storkommune i Midtdalen, beståande av våre tre dekningskommunar. Ein annan stor sak har vore flyktningestraum og akuttmottak. Vi har og har hatt fem ulike mottak i våre tre kommunar, med ulike utfordringar. Vi føler vi har dekt flyktningekatastrofen på ein grundig og god måte.

    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg utvikling

    To av Dølens journalistar har i løpet av året vore på videokurs i regi av LLA.

    Dette har vore svært nyttige kurs, og har resultert i ei satsing på video for avisa, som vi vil bygge vidare på i 2016. Samarbeid og kunnskapsutveksling med dei andre fådagarsavisene i PMNV avdeling Gudbrandsdalen (Vigga og Fjuken) har også vore godt det siste året, mellom anna har vi hatt fellessamling med etikkurs med generalsekretær i norsk Presseforbund, Kjersti Løken Stavrum. Heile redaksjonen har delteke i faglege opplegg i regi av LLA.  Konkurransesituasjonen vår er som tidlegare når det gjeld papiravisa, regionavisa GD har eige lokalkontor i vår region. 

     

    Legg til i min rapport

    Etikk

    Det har ikkje vore saker med PFU i 2015.

    Bjørn Kjellsson Sletten
    redaktør og dagleg leia

    Legg til i min rapport