Vi skal formidle det viktigaste som skjer i det offentlege rom, pluss at vi skal la folk som har meiningar om samfunnsutvikling få sleppe til. Vi skal skape engasjement og begeistring, og formidle ein levande debatt om korleis våre lokalsamfunn skal vere og utvikle seg.
Vi skal sette viktige saker på dagsorden, og vere eit talerøyr for folket.
Endringar i næringsstruktur
Endringar i næringsstruktur og næringsliv i regionen har vore viktige saker også i 2015. Mange bedrifter er inne i store omstillingsprosessar, og det har ført til mange nye bedrifter samstundes som tradisjonelle bedrifter har blitt lagt ned. Mange kommunar slit med dårleg kommuneøkonomi på grunn av auka kostnader, og auka krav til kvalitet på offentlege tenester og offentlege tilbod. Det har ført til stort folkeleg engasjement og debatt i spaltene både på nett og print om kva tilbod kommunane skal levere. Det har vore spesielt mange saker og debattar rundt skulestruktur og kvalitet i skulen.

Organisering av helsevesenet
Organisering av helsevesenet i samband med nedbygging av Nordfjord sjukehus har også dette året vore sentral. Det same har debatten rundt kvaliteten på alle typar helsetenester vore. Mellom anna har det vore debatt rundt organisering av ambulanse-stasjonering og organisering av lokale legevaktordningar.
Striden rundt Volda sjukehus og spørsmålet kva slag akutt-tilbod dei skal ha har skapt stort engasjement i vårt område då mange har nytta Volda sjukehus.
Kommune- og fylkestingsvalet
Kommune- og fylkestingsvalet hausten 2015 har i stor grad prega Fjordenes Tidende på papir og nett. Vår oppgåve er å sette viktige saker på dagsorden, og at innbyggjarane skal få best mogeleg innsikt i kva dei ulike paria vil prioritere. Vårt mål rundt valet har vore å prøve å skape engasjement, og få flest muleg til å bry seg og flest mogleg til å røyste.
I fleire av kommunane vi dekker vart det ei særdeles spennande konstituering rundt val av ordførar og sentrale verv. Spesielt i Vågsøy, Bremanger og Selje kommunar skjedde det mykje når partia forhandla om viktige verv.
I år hadde vi eit nytt tilbod på nett som vart mykje nytta. «Kandulove» var ein ny nettportal som vi samarbeidde med fleire andre aviser i Sunnmørsposten konsern om. Her kunne alle som ville stille spørsmål til toppkandidatane i sin kommune om saker dei var opptekne av. Mange politikarar var aktive her og svara kva dei ville prioritere. Denne tenesta vart mykje nytta, og vi laga mykje journalistikk på dette.
Endring av politidistrikt
Endring av politidistrikt og lensmannskontor har vore mykje omtalt både på nett og papir.
Samferdsle
Samferdsle med trygge og gode vegar, og gode offentlege kommunikasjonar både på sjø og land har også vore sentrale tema. Debatt rundt bygging av verdas første skipstunnel, Stad skipstunnel, har også i dette året skapt mykje engasjement. Det er også ein stadig debatt om behovet for ny og større ferje og fleire avgangar på ferjesambandet som fram til sommaren 2015 hadde størst vekst i Sogn og Fjordane, sambandet mellom Måløy og Oldeide.
På grunn av ein større brann i Skatestraumtunnelen 15. juli 2015, så vart denne stengd i fleire månader medan reparasjonsarbeidet i tunnelen skjedde.
Det har også vore mykje debatt om ferjetilbod og bussruter. Det har kome ein ny bussoperatør, Firda Billag, som i 2014 overtok mange lokalruter for Nettbuss. Det har og vore stor debatt og engasjement rundt sjukehusbussen som kvar dag køyrer mellom Nordfjord og sjukehuset i Førde.
Krigsmarkering

Måløy var ein av tre byar i Norge som var plukka ut til ei nasjonal markering av at det i 2015 var 75 år sidan 2. verdskrig starta og 70 år sidan det vart fred. Måløyraidet i desember 1943 hadde ein sentral plass i markeringa.
Nytt datasenter i fjell

Eit nytt og spennande næringsprosjekt i vår region er etablering av eit stort datasenter i dei nedlagde Olivin-gruvene i Lefdal i Eid kommune. Dette enorme prosjektet er eit resultat av seks år med planlegging rundt det såkalla Måløy-miljøet. I 2015 vart det bestemt å starte bygging av Lefdal Mine Datacenter. Innovasjon Norge er inne å delfinansierer, og takka vere god støtte frå lokale bankar så er prosjektet starta. Datasenteret skal opererast og drivast av kundane og bedrifta LocalHost i Måløy. Dette forventar ein vil skape nye arbeidsplassar.
Kraftlinjestrid
Striden om kvar den nye kraftlinja skal gå gjennom fylket har ført til stort engasjement også i 2015. Spesielt i Bremanger og i Ålfoten. Her har grunneigarane vore sterkt usamde, og det var to rettssaker som følgje av striden.
Bygging av ny ungdomsskule
Ei sak som har skapt stort engasjement i Vågsøy kommune er kva som skal skje med den gamle ungdomsskulen i Måløy. Kommunen har fått ei rekke pålegg, og spørsmålet har vore om ein skal byggje ein ny der den ligg i Måløy eller om ein skal renovere denne. Andre har jobba for å få bygd ein ny ungdomsskule på Tennebø. Dette vart ei varm sak i valkampen der det mellom anna vart arrangert fakkeltog, underskriftsaksjonar og mange ytringar både på nett og papir.
Brann i undersjøisk tunnel

Ei av dei større sakene vi dekka var ein dramatisk brann i Skatestraumtunnelen i Bremanger 15. juli. Ein tilhengar med 16.500 liter bensin eksploderte inne i tunnelen. Til alt hell vart ingen personar alvorleg skadde. Føraren av vogntoget fekk mange lovord for måten han handla på inne ti tunnelen som raskt vart fylt med tjukk svart røyk. I ettertid har det vore stort fokus på tryggleik i tunnelar.
Tragisk dødsulukke

Ei vanskeleg sak som skjedde i starten av november var ei tragisk bilulukke der to tenåringar hamna i sjøen og omkom i Selje kommune. Dei to var elevar ved Måløy vidaregåande skule og var frå Flora kommune. Ulukka rørte mange og gjorde eit stort inntrykk.
Ville legge ned statleg kontor
I 2015 kom ei arbeidsgruppe i Fiskeridirektoratet med forslag om å legge ned direktoratet sitt kontor. 21 tilsette ved kontoret risikerte å miste arbeidsplassane sine. Dette skapte stort engasjement. Og til slutt så konkluderte fiskeriministeren at kontoret i Måløy skulle få bestå.
Kulturlivet
Vi er tett på og dekker det meste som skjer av det rike kulturlivet, sport og idrett som er i regionen. Vi er på mange arrangement, og store deler av våre spaltar både på papir og nett er fylt med denne type saker. Mange barn og unge brukar mykje av fritida si på dette.