Reiseliv
Turisme og reiseliv er ei stor næring i indre Nordfjord. Planane og og etter kvart vedtaket om å byggje gondol frå fjorden i Loen til fjellet Hoven 1.008 meter over havet representerer den største enkeltståande investeringa innan utandørs turisme i Nordfjord. Utbygginge vert gjort for å tilby heilårs turisttilbod i fjellet, med turstiar og via ferrata sommarstid og skiturisme vinterstid. Investeringa er unik i nasjonal målestokk og set Loen og Stryn på kartet også internasjonalt. Då planane vart lanserte vart dei møtt både med entusiasme og skepsis lokalt. Fjordingen gjekk ut på leiarplass og støtta opp om prosjektet kort tid etter at forprosjektet var gjort offentleg. Gondolprosjektet vil vere med på åå utvikle regionen som turistdestinaasjon, og vil få store positive ringverknader i form av auka trafikk og omsetjing i eit større omland.
Helse
Manglande avklaring mellom helseføretaka gjer at pasientar frå indre Nordfjord må bryte regelverket for å nytte seg av næraste akuttsjukehus som ligg i Volda. Etter at akuttberedskapen vart avvikla ved Nordfjord sjukehus er Førde sentralsjukehus akuttsjukehuset for heile fylket. Men etter opninga av Kvivsvegen i 2012 har Volda sjukehus kome betydeleg nærare. I dag er det 25 minutt køyring mellom Hornindal og Volda, medan køyretida Hornindal-Førde er over to timar. Like fullt meiner Helse Førde at akutte pasientar i hovudsak skal velje Førde og ikkje Volda som ligg i nabohelseføretaket.
Sjukehusforkjemparar og lokalpolitikarar i Nordfjord har kjempa for å få til eit samarbeid mellom helseføretaka som set pasienten sitt beste i fokus. Etter at helseministeren la fram forslag om å avvikle akuttkirurgien i Volda, har støtta frå Nordfjord blitt endå større. I november 2015 stilte oppimot 10.000 menneske opp i fakkelmarkering ved Volda sjukehus. Mange av de ifrå Nordfjord. I ettertid har ordførarane både i Stryn og Hornindal kravd samarbeidsavtale mellom helseregionane som gjer at Nordfjord kan nytte Volda som akuttsjukehus. Fjordingen har tona flagg og stilt tilsvarande krav på leiarplass.
Kommunestruktur
Regjeringa vil redusere tal kommunar i landet og kommunestruktur har av den grunn vore eit viktig spørsmål også i indre Nordfjord. Mange har vurdert samanslåing med kvarandre. Før jul møttest kommunane Stryn, Hornindal, Volda og Ørsta for samtaler om mogleg samanslåing over fylkesgrensa. Dette vert sett på både som interessant og realistisk som følgje av Kvivsvegen som opna 2012. Det nye vegsambandet kortar ned avstanden mellom indre Nordfjord og søre Sunnmøre dramatisk og gjer heile området til ein ny bu- og arbeidsregion. Dei fire ordførarane gjorde i desember møteavtale med kommunalministeren i januar 2016 for å avklare eventuelle problemstillingar ved å slå saman kommunar over fylkesgrensa.
Asylmottak
Som følgje av auka tilstrøyming av flyktningar vart det mot slutten av 2015 etablert nytt statleg flyktningmottak i Stryn. Lokalsamfunnet har stilt seg positive til mottaket og teke godt i mot flyktningane. For kommunen var det likevel svært vanskeleg å få nok og tidleg informasjon om planane frå dei som skulle etablere mottaket. For ordføraren var dette lite tilfredsstillande, ettersom kommunen er ansvarleg for å levere tilbod innan både helse og skule.
Avisa som talerør for – og kritisk medspelar til ein positiv utvikling lokalt og regionalt
Temaene kommunestruktur, helsetilbod over fylkesgrensa og asylmottak er berre tre av mange tema der avisa har teke og tek ei aktiv haldning på leiarplass. Vi utfordrar maktapparatet opp til statsrådnivå for å påverke politiske prosessar i rett retning for Nordfjord. Eitt viktig døme er kampen for å nytte Volda som næraste akuttsjukehus. Sjukehuset ligg betydeleg nærare Nordfjord geografisk enn Førde sjukehus i eige helseføretak. Fordi Volda sjukehus ligg i Helse Midt, får ikkje nordfjordigane bruke Volda som akuttsjukehus. Kampen om fornuftig og logisk bruk av offentlege tenestetilbod - uavhengig av fylkes- og helseføretaksgrenser - er ein viktig del av dagsorden for ei lokalavis i grenseland mellom to fylke.