Vikebladet Vestposten

Vikebladet Vestposten kjem ut i Ulsteinvik og dekkjer kommunane Hareid og Ulstein. På nett dekkjer vi også viktig nyhende i kommunane Herøy og Sande. Vikebladet vart starta i Ulsteinvik i 1929, og slått saman med Vestposten på Hareid i 1989. Namnet vart frå då av Vikebladet Vestposten . Frå år 2000 har vi kome ut med nettavisa vikebladet.no. Vi hadde i 2015 eit snitt på 17.548 unike brukarar pr. veke på nett og 15.363 på mobil. I redaksjonen hadde vi stort fokus på å vere først ute med nyhende på nett, samtidig som papir og nett skal vere ulike.

Fakta
Samlet opplag 3796
Utgiversted Ulsteinvik
Ansvarlig redaktør Anne Gry Eilertsen (60)
Ulstein, Hareid og indre del av Herøy
Kommer ut Tysdag, torsdag og laurdag
Daglige lesere totalt
11000
Daglige brukere på nett
7000
Daglige brukere på mobil
5000
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 3188
  • Redaksjonelle årsverk
  • 4
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 41
  • Antall kommentarer
  • 6
  • Antall innlegg på nett
  • 38
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall gjestekommentarer
  • 42
  • Antall leserinnlegg
  • 320

    Mål og prioriteringar

    Vikebladet Vestposten og vikebladet.no skal vere dei viktigaste kanalane på formidling av nyhende og historier for alle som bur i Hareid og Ulstein. Det vil vere avgjerande at vi vidarefører den tette kontakten med lesarane. Vi må vere til stades i lokalmiljøet, prioritere både viktige saker frå næringslivet og møte med menneske, unge og eldre. Gode reportasjar, der vi kjem nær på folk, er viktig. Dei små sakene er like viktige som dei store og tunge.

    Vikebladet Vestposten skal vere «lim og lupe» i lokalmiljøet. Folk skal føle at dei må ha avisa for å følgje med på det som skjer både av stort og smått.

    Prosessen med å legge til rette for Pluss-saker på nett har starta, og eit viktig satsingsområde i 2016 blir å digitalisere abonnentane.

    Vikebladet.no skal vere den mest brukte nettstaden på Ytre Søre Sunnmøre, og målet vårt er å auke både på nett og mobil i 2016.

    Dette skal vi klare ved å overtyde lesarane om  at vikebladet.no er først ute med hendingsnytt og andre saker som folk er interesserte i. Eit prioritert mål i 2016 er å lage fleire eigenproduserte videoar. Vi skal vidareutvikle tittel- og bildebruk på framsida og vi skal bli flinkare til å engasjere nettlesarane via facebook og twitter.

    Legg til i min rapport

    Avisa si samfunnsrolle

    Vikebladet Vestposten skal setje søkelys på saker som er viktige i lokalsamfunnet vårt. Blant sakene vi har hatt fleire artiklar om i år, er den høge husleiga som psykisk utviklingshemma må ut med etter at dei vart beordra til å flytte inn i eit nytt kommunalt bygg.

    Den kommunale husleiga var så høg at dei knapt hadde att lommepengar når leiga var betalt. «Horribel husleige», uttalte Astrid Andersen, styremedlem i Norsk forbund for utviklingshemma i Møre og Romsdal på framsida av Vikebladet  Vestposten 15. september 2015. I vekene framover skreiv vi mellom anna om omsorgssjefen i Ulstein, som uttalte at dei psykisk utviklingshemma kunne få tilbod om å flytte til rimelegare bustader, og redaktøren skreiv leiar med tittelen «Utviklingshemma skal ikkje vere kasteballar». Det enda med at politikarane i Ulstein tok husleiga opp til ny drøfting, og saka er no under ny utgreiing.

    Ei anna sak som har skapt plunder både for industrien, pendlarar og andre reisande i regionen, er det dårlege ferjetilbodet mellom Hareid og Sulesund. Vikebladet Vestposten har vore tett på problema med attståande bilar og ferjer som har vore ute av drift i 2015. Dette er saker som også har gått godt på vikebladet.no.

    29. oktober hadde vi ein artikkel der vi skreiv at driftsavbrota i Hareid-Sulesund-sambandet var tredobla i høve til same tid i 2014, og vi har skrive om at ferjene to gonger  brasa inn i ferjeleiet. Redaktøren har hatt tre leiarar om ferjesituasjonen.  Statens vegvesen kalla ferjeselskapet Norled inn til møte om kollisjonane, og Møre og Romsdal fylkeskommune har tinga ein forvaltningsrapport om ferjesambanda i fylket. Kontrollutvalet i fylket har vore på Hareid for å setje seg inn i problemstillingane på sambandet Hareid-Sulesund.

    Det mest leste sakene på nett i 2015:

    1. Justin Bieber flaug over Sunnmøre - 102.092 sidevisningar. Eit eventyrleg tal på noko som i utgangspunktet ikkje var ei stor sak. Vi fekk tips frå nokon som hadde sett på Flightradar at privatflyet til Justein Bieber, etter konserten i Oslo, flaug over Hareid, og vi laga ei sak på at Bieber kanskje såg lysa frå Hareid ... Saka kom på Sol.no og det tok heilt av, med 102.092 sidevisningar.

    2. Ullensvang gløymde bilane under dekk - 41.456 sidevisningar. Saka handla om at mannskapet gløymde å ta opp lemmen, og at bilar og passasjerar på underdekket fekk seg ein ufrivillige, ekstra ferjetur.

    3. - Blei kvitt diabetesen med kvitløk og sprit - 23.029 sidevisningar. Handla om svigerfaren til Nadija Demirova som heldt diabetes type 2 i sjakk  med ei blanding av kvitløk og sprit.

    4. Er erklært kreftfri

    5. - Eg hadde vore fengsla viss eg kom over dei som gjorde dette

    6. Bobil fekk smadra fronten om bord i «Sogn» 

    7. Høgsfjord bles opp på kaia

    8. – Vi tenkjer på dei tilsette 

    9. – Ein skikkeleg komikar som har gjort dette

    10. Her er dei dyraste bustadane

                               

    Mest sette videoar i 2015:

    1. - Han hadde jaggu meg mykje flaks

    2. Her får Ullensvang trøbbel

    3. - Kundane sagar seg rett gjennom veggane

    4. Sneik i køen på Sulesund

    5. Trafikkulukke i Hasundkrysset 

    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg utvikling

    Andreas Steinnes Bjerknes har delteke på Noda-konferansen i Ålesund.

    Ingvild Aursøy Måseide har vore på tittel- og ingresskurs med Asgeir Olden og også hatt eit kortkurs med Per-Kristian Bratteng om vinkling av kommunalt stoff og andre nyhende-saker.

    Etikk:

    Vikebladet Vestposten legg Ver Varsam-plakaten til grunn for det etiske arbeidet i avisa, og vi vart ikkje klaga inn for Pressens faglege utval (PFU) i 2015.

    Anne Gry Eilertsen,

    ansvarleg redaktør

    Legg til i min rapport